Forskrift
§ 3. Vilkår for bruk av produktnemninga
Vilkår for bruk av produktnemninga
1. Produktbeskriving
Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger er pærer (Pyrus) dyrka i Hardanger. Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger skal ha dei spesielle eigenskapane som er karakteristiske for den enkelte sorten når det gjeld storleik, form, farge og smak, og tilfredsstille minimumskrava til storleik, og refraktometerverdi i tabell 1.
Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger skal vera feilfrie og ha stilk.
Pæresort Diameter (mm) Refraktometerverdi (%)
Celina 50–90 10,5–12
Clara Frijs 50–90 10,5–12
Ingeborg 50–95 10,5–12
Andre sorter 50–95 10,5–12
2. Geografisk område
Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger skal dyrkast, sorterast og pakkast i Hardanger. Hardanger definerast som området rundt dei indre delane av Hardangerfjorden, rekna frå dei sørlegaste grensene til kommunane Kvam og Ullensvang og inkludert fjordarmane Granvinsfjorden, Osafjorden med Ulvikpollen, Eidfjorden med Simadalsfjorden og Sørfjorden.
3. Produksjonsmetode
Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger skal dyrkast etter moderne produksjonsmetodar. Pæretrea skal plantast og formast på ein måte som sikrar gode lysforhold i alle delar av trea.
Pæretrea skal plantast på jord som er veldrenert, porøs, kalka og grunngjødsla før utplanting. Trea skal ha støttesystem.
Trea skal handtynnast ved behov, eventuelt i kombinasjon med bruk av kjemiske tynningsmiddel. Plantevern skal gjennomførast etter prinsippet om integrert plantevern. Det skal vatnast etter behov og kalkast og gjødslast planmessig.
Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger skal tilfredsstilla produktkrava i tabell 1. Pærene skal leverast til kjølelager same dag som hausting, og raskt kjølast ned til rett temperatur og optimal luftråme.
4. Merking av produktet
Hardangerpærer / Pærer frå Hardanger / Pærer fra Hardanger kan merkjast med figurmerket for beskytta geografisk nemning / beskyttet geografisk betegnelse.
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrift 25 juli 2023 nr. 1282.