Hopp til innhold
Forskrift

§ 3. Vilkår for bruk av produktnemninga

Forskrift om Villsau frå Norskekysten·Sist endret 5. desember 2014

Vilkår for bruk av produktnemninga

1. Produktskildring Villsau frå Norskekysten/Villsau fra Norskekysten er kjøtt av sau av rasen Gammalnorsk sau. Nemninga omfattar ferske eller frosne heile skrottar eller stykkingsdelar. Kjøttet skal ha djup raudleg farge og god marmorering. 2. Geografisk område Geografisk område for produksjon av Villsau frå Norskekysten/Villsau fra Norskekysten er avgrensa til område med kystlynghei på norskekysten. 3. Produksjonsmetode Drifta hjå den einskilde produsenten skal vere i samsvar med dei til ein kvar tid gjeldande føresegner om dyrevelferd. Produsentane skal dokumentere at besetninga består av sau av rasen Gammalnorsk sau. Sauen skal gå ute på beite heile året. I beiteområda skal det vere tilstrekkeleg med kystlynghei til at besetningane kan overvintre, og det skal vere god nok tilgang på ferskvatn. Mengda av kystlynghei avgjer kor stor besetninga kan vere på dei ulike stadene. Vegetasjonsdekket skal ha mellom 70 % lyng og 30 % gras, til 30 % lyng og 70 % gras. Beredskapsfôr skal i akutte tilfelle kunne skaffast raskt. Grensa for tilleggsfôr er sett til maksimum 20 % av den totale årlege fôrmengda. Dyr på beite skal ha tilsyn kvar veke. I utsette periodar, til dømes under lamming og ved sterkt snøfall, skal det vere tilsyn oftare, helst kvar dag. Det skal førast tilsynsjournal. Paring skal skje slik at lamming kan skje når det er gunstige beite- og klimaforhold. Det skal sikrast at dyra finn le i vinterhalvåret, anten naturleg i terrenget eller i tilgjengelege bygningar eller leskur. Dyra skal ha beskyttande ullfell om vinteren. For innsamling av dyr skal det finnast leiegjerde og skiljeanlegg. Dyra skal samlast minimum vår og haust for kontroll, m.a. merking, napping og klipping av ull og nødvendig parasittbehandling. Godkjend slaktevekt for lam skal vere mellom 8 og 16 kg, og på vaksne dyr mellom 9 og 16 kg. 4. Merking av produktet Villsau frå Norskekysten/Villsau fra Norskekysten kan merkjast med figurmerket for beskytta geografisk nemning.
Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 5 des 2014 nr. 1511.

Les hele forskriften i sammenheng →