Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 20. Forbod mot hausting med trål og andre reiskapar i visse område

Havressurslova·Kapittel 4. Gjennomføring av hausting og anna utnytting av viltlevande marine ressursar

Forbod mot hausting med trål og andre reiskapar i visse område

Det er forbode å hauste med trål innanfor territorialgrensa ved det norske fastlandet, med unntak av hausting med taretrål, reketrål og krepsetrål. Departementet kan i forskrift gjere unntak frå forbodet i første punktum i visse område, for visse tidsperiodar eller for hausting med bestemte trålreiskapar eller hausting av bestemte artar og fastsetje kva som er å rekne som trål etter denne paragrafen. Departementet kan i forskrift fastsetje forbod mot hausting for andre fartøy- eller reiskapsgrupper innanfor grunnlinjene, innanfor linjer i ein viss avstand frå grunnlinjene eller innanfor fastsette posisjonar.

Det er i utgangspunktet forboode å bruke trål for å hauste marine ressursar innanfor territorialgrensa ved det norske fastlandet. Enkelte tråltypar er unntakne, og departementet kan fastsetje spesielle unntak eller forbod for andre reiskapar i visse område.AI

Sammenheng

Utfyllende forskrifter2

Koblinger for § 20 i havressurslova.

Les hele loven i sammenheng →