Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 23 c. Forbod for utlendingar mot tilverking, pakking og omlasting

Havressurslova·Kapittel 4a. Avgrensingar i fiskeriaktiviteten til utlendingar i territorialfarvatnet·Sist endret 1. juli 2017

Forbod for utlendingar mot tilverking, pakking og omlasting

For den som ikkje er norsk statsborgar eller likestilt med norsk statsborgar etter deltakerloven § 5, er det forbode å tilverke, pakke eller laste om viltlevande marine ressursar eller delar og produkt av slike. Forbodet gjeld fangst både frå norske og utanlandske fartøy. Forbodet mot tilverking omfattar alt vidare arbeid med fangsten om bord i fartøyet etter at fangsten eventuelt er bløgga, sløgd og hovudkappa. Innfrysing utan at det vert arbeidd vidare med fangsten, vert likevel ikkje rekna som tilverking. Forbodet mot pakking omfattar ikkje pakking som er naturleg fordi fangsten skal frysast inn om bord og deretter verte transportert med fartøyet. Innpakkinga skal i så fall vere ueigna for sal til forbrukarar eller andre sluttbrukarar. Fiskeridirektoratet kan gjere unntak frå forbodet mot tilverking, pakking og omlasting når særlege grunnar tilseier det. For norskfanga fisk kan Fiskeridirektoratet også gjere unntak frå forbodet mot tilverking, pakking og omlasting når omsynet til omsetningstilhøva tilseier det, og omsynet til produksjonen ved foredlingsanlegga ikkje talar imot. Det kan gjevast unntak berre for eit bestemt kvantum, eit bestemt tilfelle, eit bestemt fiskeslag eller eit bestemt tidsrom.
Noter (1)
  • EndringFøyd til med lov 16 juni 2017 nr. 73 (ikr. 1 juli 2017 iflg. res. 16 juni 2017 nr. 747).

Se ogsåDeltakerloven § 5

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 23 c i havressurslova.

Les hele loven i sammenheng →