Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 29. Berging av reiskapar og fangst

Havressurslova·Kapittel 5. Orden på haustingsfelt, erstatning, lokale reguleringar og utval

Berging av reiskapar og fangst

Den som bergar bortdrivne, tapte eller etterlatne reiskapar, lettbåt og anna utstyr, skal så snart som mogleg melde frå om dette til eigaren. Departementet kan fastsetje forskrift om rapportering ved berging av bortdriven, tapt eller etterlaten reiskap, mellom anna om kva som er berga og kvar det er funne. Den som bergar reiskapar, har rett til bergeløn. Bergeløna skal fastsetjast i samsvar med sedvane eller til det som er rimeleg. Bergeløna kan ikkje setjast høgare enn verdien av det som er berga. Berga fangst tilkjem bergaren. Er verdien av fangsten monaleg større enn bergeløna, kan bergeløna heilt eller delvis falle bort. Det som er berga, kan ikkje krevjast utlevert før bergeløn og kostnader er dekte. Når bergeløn og kostnader er dekte, pliktar bergaren å utlevere det som er berga. Eigaren har plikt til å godta tilbakelevering når det er rimeleg at bergaren krev dette etter at det som er berga er sikra. Departementet kan fastsetje forskrifter om berging av reiskapar.

Den som finner og berger utstyr eller fangst i havet, må varsle eieren så snart som mulig. Bergeren har rett til betaling for innsatsen, mens berget fangst som hovedregel tilhører den som fant den.AI

Les hele loven i sammenheng →