Lov
Nynorsk
§ 7. Forvaltningsprinsipp og grunnleggjande omsyn
Forvaltningsprinsipp og grunnleggjande omsyn
Departementet skal vurdere kva slags forvaltningstiltak som er nødvendige for å sikre ei berekraftig forvaltning av dei viltlevande marine ressursane.
Ved forvaltninga av dei viltlevande marine ressursane og det tilhøyrande genetiske materialet skal det leggjast vekt på
a) ei føre-var-tilnærming i tråd med internasjonale avtalar og retningslinjer
b) ei økosystembasert tilnærming som tek omsyn til leveområde og biologisk mangfald
c) ein effektiv kontroll med hausting og anna utnytting av ressursane
d) ei formålstenleg fordeling av ressursane, som mellom anna kan medverke til å sikre sysselsetjing og busetjing i kystsamfunna
e) ei optimal utnytting av ressursane som er tilpassa marin verdiskaping, marknad og industri
f) at haustingsmetodar og reiskapsbruk tek omsyn til behovet for å redusere moglege negative verknader på levande marine ressursar
g) at forvaltningstiltak er med og sikrar det materielle grunnlaget for samisk kultur.
Departementet skal bestemme hvilke tiltak som trengs for at marine ressurser forvaltes bærekraftig. Forvaltningen skal ta hensyn til miljø, effektiv kontroll, kystsamfunn, industri, samisk kultur og biologisk mangfold.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved lover 19 juni 2009 nr. 100 (ikr. 1 feb 2011 iflg. res. 7 jan 2011 nr. 10), 31 mai 2013 nr. 24 (ikr. 1 jan 2014 iflg. res. 31 mai 2013 nr. 540).
Sammenheng
Utfyllende forskrifter1
Nevnt i4
- Innst. 264 S (2023–2024)Innstilling til Stortinget fra næringskomiteen
- Innst. 243 S (2019–2020)Innstilling til Stortinget fra næringskomiteen
- Lovvedtak 46 (2012–2013)Vedtak til lov om endringer i deltakerloven, fiskeriforbudsloven mv.
- Innst. 336 L (2011–2012)Innstilling fra næringskomiteen om endringar i deltakerloven, havressurslova og finnmarksloven (kystfiskeutvalet)
Koblinger for § 7 i havressurslova.