Forskrift
Nynorsk
§ 11. Tildelingsreglar
Merkur-forskrifta·Kapittel 2. – Investeringsstøtte til daglegvarebutikkar·Sist endret 1. januar 2026
Tildelingsreglar
Ein daglegvarebutikk kan søkje om investeringstilskot til fysiske investeringar viss den oppfyller krava i § 3, 1. ledd og i tillegg
a) har ein avstand på minst 10 kilometer til næraste alternative innkjøpsstad, eller ligg på stader utan fast vegsamband eller er einaste daglegvarebutikk på ei øy. Det kan gjerast særskilte vurderingar for butikkar som har mellom 5 og 10 kilometer avstand til næraste alternative innkjøpsstad
b) er open heile året
c) har inntil 15 millionar kroner i årsomsetning eksklusiv meirverdiavgift, drivstoff, kraftfôr og gjødsel.
Søknaden må vere på minimum 25 000 kroner for å bli handsama.
Maksimalt støttebeløp er inntil 800 000 kroner eksklusiv meirverdiavgift kvart år.
Distriktssenteret vil prioritere dei søknadane som best støtter opp om måla for ordninga.
Dagligvarebutikker kan søke om investeringstilskudd til fysiske investeringer dersom visse krav til avstand, åpningstid og omsetning er oppfylt. Det er fastsatt beløpsgrenser for både søknadssum og maksimal støtte.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrift 8 des 2025 nr. 2432 (i kraft 1 jan 2026).
Se ogsåMerkur-forskrifta § 3
Sammenheng
Se også1
Endringshistorikk1
Koblinger for § 11 i merkur-forskrifta.