Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 14. Utbetaling

Merkur-forskrifta·Kapittel 2. – Investeringsstøtte til daglegvarebutikkar·Sist endret 1. januar 2025

Utbetaling

Tilskotet blir utbetalt når prosjektet er ferdig, rapportering gjennomført og oppmoding om utbetaling er sendt inn. For tilsegn under 100 000 kroner held det med ein eigenerklæring frå dagleg leiar eller styreleiar. For tilsegn over 100 000 kroner må prosjektrekneskapet bli stadfesta av autorisert rekneskapsførar som er habil. Er tilskotet avgjerande for at prosjektet blir gjennomført og kostnadene blir dokumenterte undervegs, kan delar av tilskotet bli betalt ut tidlegare. Som dokumenterte kostnader reknar ein faktura, betalingskvittering og naudsynt attestasjon. Dei siste 25 prosentane av tilskotsbeløpet skal først betalast ut etter at prosjektet er gjennomført. Investeringstilskotet er skattefritt for butikkar som ligg innanfor verkeområdet for distriktsretta investeringsstøtte.

Støtten blir betalt ut når prosjektet er ferdig, rapportert og utbetaling er bedt om. I visse tilfeller kan deler av støtten utbetales tidligere. Støtten er skattefri for butikker i områder med distriktsretta investeringsstøtte.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 13 des 2024 nr. 3077 (i kraft 1 jan 2025).

Sammenheng

Endringshistorikk1

Koblinger for § 14 i merkur-forskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →