Hopp til innhold
Forskrift

§ 8. Bruk av avgjevne lik

Obduksjons- og likavgjevingsforskrifta·Kapittel 3. Avgjeving av lik til bruk i undervisning og forsking

Bruk av avgjevne lik

Universitetet som har fått utlevert liket, avgjer kven som kan bruke liket, eller delar av liket til undervisning og forsking. Universitetet kan setje vilkår for bruken av liket. Den som brukar eit lik, eller noko av det, i undervisning eller forsking eller på annan måte har med det å gjere, skal halde seg strengt til føremålet med bruken og i arbeidet vise respekt for den døde. Namnet og anna om livshøvet til den døde skal ikkje vere tilgjengeleg for andre enn dei som har behov for å kjenne til dette. Det kan likevel opplysast om alder, sjukdommar og anna som er ønskeleg eller nødvendig i undervisninga eller forskinga, men som ikkje bidreg til å finne ut kven den døde var.

Universitetet bestemmer hvem som kan bruke utleverte lik til forskning og undervisning, og kan sette vilkår for dette. De som bruker liket må vise respekt og holde seg til formålet. Identiteten til den døde skal holdes skjult, men medisinsk informasjon kan deles.AI

Les hele forskriften i sammenheng →