Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 24. Løysingsrett til særskilt skyldsett småbruk

Odelslova·Kapittel VI. – Kven odelsrett kan gjerast gjeldande mot og allmenne avgrensingar i løysingsretten·Sist endret 1. juli 2009

Løysingsrett til særskilt skyldsett småbruk

Eit særskilt skyldsett småbruk, som med samtykkje frå landbruksmyndigheita er skilt ut frå eit større bruk og som det er bygt hus på, kan ikkje løysast med heimel i odelsrett til hovudbruket. Ny odel til småbruket kan vinnast når vilkåra for odling ligg føre. Blir småbruket fråskilt til nokon som frå før har odelsrett til hovudbruket, blir odelsretten for overtakaren og hans line ståande ved lag.

Et utskilt småbruk med bebyggelse og godkjenning fra landbruksmyndighetene kan ikke kreves løst gjennom odelsrett til hovedbruket. Det kan oppstå ny odelsrett til småbruket hvis vilkårene for odling er til stede.AI

Noter (1)
  • EndringEndra med lover 27 mai 2005 nr. 31 (ikr. 1 jan 2006 iflg. res. 27 mai 2005 nr. 487), 19 juni 2009 nr. 98 (ikr. 1 juli 2009 iflg. res. 26 juni 2009 nr. 848).

Les hele loven i sammenheng →