Forskrift
Nynorsk
§ 12-2. Krav for å bli tilsett i lærarstilling på 1. til 4. trinn
Krav for å bli tilsett i lærarstilling på 1. til 4. trinn
Kommunen skal sørgje for at dei som skal tilsetjast i lærarstilling på 1. til 4. trinn, oppfyller eitt av desse krava:
a) Dei har grunnskolelærarutdanning for 1. til 7. trinn.
b) Dei har barnehagelærarutdanning og minst 60 studiepoeng vidareutdanning retta mot undervisning på 1. til 4. trinn.
c) Dei har faglærarutdanning i praktiske og estetiske fag, eller tilsvarande fagleg kompetanse. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 30 studiepoeng relevant utdanning.
d) Dei har treårig lærarutdanning for tospråklege lærarar. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å undervise i fag der dei har minst 30 studiepoeng relevant utdanning.
e) Dei har barnehagelærarutdanning med spesialpedagogisk utdanning tilsvarande minst 60 studiepoeng. Dei som har slik utdanning, kan tilsetjast for å gi individuelt tilrettelagd opplæring eller dersom det er ønskjeleg ut frå behova til elevane.
Denne regelen fastsetter hvilke utdanningskrav som må være oppfylt for å kunne ansettes som lærer på 1. til 4. trinn. Kommunen skal sikre at den ansatte har riktig kompetanse, enten gjennom lærerutdanning, barnehagelærerutdanning med tillegg eller spesifikk faglærerutdanning.AI
Sammenheng
Koblinger for § 12-2 i opplæringsforskrifta.