Forskrift
Nynorsk
§ 16-5. Klage på gjennomføringa av realkompetansevurdering
Klage på gjennomføringa av realkompetansevurdering
Vaksne deltakarar som har fått realkompetansevurdering, kan klage på gjennomføringa av vurderinga. Statsforvaltaren er klageinstans.
Dersom kommunen eller fylkeskommunen som har vurdert realkompetansen, ikkje gjer nytt vedtak, skal dei saman med klaga sende ei fråsegn om gjennomføringa av realkompetansevurderinga og ein kopi av vedtaket om realkompetansevurdering til klageinstansen.
Statsforvaltaren kan avvise klaga, stadfeste vedtaket om realkompetansevurdering eller oppheve vedtaket.
Dersom statsforvaltaren opphevar vedtaket om realkompetansevurdering, skal kommunen eller fylkeskommunen snarast mogleg gjennomføre ei ny realkompetansevurdering i samsvar med reglane i § 15-5, jf. § 15-13. Ingen av dei som stod for den første vurderinga, skal vere med i den nye. Statsforvaltaren skal ha kopi av den nye realkompetansevurderinga.
Voksne som har fått en realkompetansevurdering kan klage på hvordan vurderingen ble gjennomført. Statsforvalteren behandler klagen og kan enten avvise den, beholde vedtaket eller oppheve det. Ved opphevelse skal det gjøres en ny vurdering med nye personer.AI
Se ogsåOpplæringsforskrifta § 15-5Opplæringsforskrifta § 15-13
Sammenheng
Koblinger for § 16-5 i opplæringsforskrifta.