Forskrift
Nynorsk
§ 19-6. Kartlegging
Kartlegging
På oppdrag frå departementet utarbeider Utdanningsdirektoratet kartleggingar som skal gi kunnskap om kven som treng ekstra oppfølging i enkelte fag og ferdigheiter. Det er obligatorisk for elevane å delta i slike kartleggingar.
Kommunen skal sørgje for at kartleggingar etter første ledd blir gjennomførte. For private skolar som er godkjende etter opplæringslova § 22-1, ligg ansvaret for at kartleggingane blir gjennomførte, til det øvste organet på skolane, jf. opplæringslova § 22-2 tredje ledd.
På oppdrag frå departementet skal Utdanningsdirektoratet i tillegg utarbeide frivillige kartleggingsprøver og anna kartleggingsverktøy.
Utdanningsdirektoratet kan på visse vilkår behandle personopplysningar om deltaking i kartleggingane og personopplysningar knytte til resultata av kartleggingane. Vilkåra er at opplysningane blir brukte til
a) vidareutvikling av kartleggingsverktøy
b) drift av eit digitalt system for gjennomføring av kartleggingane
c) forsking, analyse og statistikk.
Utdanningsdirektoratet kan levere ut prøveresultata for kvar enkelt elev til skolen eleven går på.
Utdanningsdirektoratet lager kartlegginger for å finne ut hvilke elever som trenger ekstra oppfølging i ulike fag. Det er obligatorisk for elevene å delta, og kommunen eller skoleledelsen har ansvaret for at dette blir gjennomført.AI
Sammenheng
Koblinger for § 19-6 i opplæringsforskrifta.