Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 4-7. Krav til søknader om inntak

Opplæringsforskrifta·Kapittel 4. Inntak til vidaregåande opplæring

Krav til søknader om inntak

Søkjarar til vidaregåande opplæring må bruke det søknadsskjemaet som er fastsett av fylkeskommunen. Søkjarar til vidaregåande trinn 1 må føre opp tre alternative utdanningsprogram. Alle søkjarar til vidaregåande trinn 2 og vidaregåande trinn 3 må føre opp eitt eller fleire programområde som byggjer på eit utdanningsprogram eller programområde dei har gjennomført. Søkjarar som har rett til opplæring i og på norsk teiknspråk etter opplæringslova § 6-3, må i søknaden opplyse om dei prioriterer inntak til ordinær vidaregåande skole med opplæring ved hjelp av teiknspråktolk eller inntak til vidaregåande skole som har opplæring i og på norsk teiknspråk. Søkjarar som ønskjer opplæring på vidaregåande skole som har opplæring i og på teiknspråk, kan ikkje føre opp andre utdanningsprogram eller programområde i søknaden enn dei tilboda som desse skolane gir, eller dei tilboda som desse skolane gir i samarbeid med andre vidaregåande skolar.

Søkere til videregående opplæring må bruke fylkeskommunens søknadsskjema. Det er krav om å velge alternative utdanningsprogram avhengig av hvilket trinn man søker til. Personer med rett til opplæring i teiknspråk må opplyse om sine prioriteringer i søknaden.AI

Se ogsåOpplæringslova § 6-3

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 4-7 i opplæringsforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →