Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 5-12. Opplæring og eksamen etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg

Opplæringsforskrifta·Kapittel 5. Innhaldet i den vidaregåande opplæringa

Opplæring og eksamen etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg

Elevar kan velje å følgje læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg dersom begge desse vilkåra er oppfylte: a) Elevane har særskild språkopplæring etter opplæringslova § 6-5. b) Elevane har ikkje hatt meir enn fire års opplæring frå og med femte trinn i norsk grunnskole før dei byrjar i vidaregåande opplæring. Privatistar kan ta eksamen etter læreplanen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg dersom alle desse vilkåra er oppfylte: a) Privatistane har eit anna morsmål enn norsk, samisk, svensk eller dansk. b) Privatistane har budd mindre enn sju år i Noreg første gong dei tar denne eksamenen. c) Privatistane har ikkje fått sluttvurdering etter ordinær læreplan i norsk skoleåret 2020-2021 eller seinare.

Elevar og privatistar kan i visse tilfelle velje opplæring og eksamen i norsk for språklege minoritetar med kort butid i Noreg. Dette krev at spesifikke vilkår om språkopplæring, skulegang i Noreg, morsmål og butid er oppfylte.AI

Se ogsåOpplæringslova § 6-5

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 5-12 i opplæringsforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →