Forskrift
Nynorsk
§ 5-8. Eksamen i framandspråk fellesfag for privatistar
Eksamen i framandspråk fellesfag for privatistar
Privatistar som melder seg til eksamen i det same framandspråket som dei har hatt i grunnskolen, skal ta eksamen i framandspråk fellesfag nivå II. Det same gjeld privatistar som ikkje har hatt opplæring i framandspråk på 8. til 10. trinn.
Privatistar som melder seg til eksamen i eit nytt framandspråk, kan velje om dei vil ta eksamen i framandspråk fellesfag nivå I eller framandspråk fellesfag nivå II.
Privatistar kan ta eksamen i framandspråk fellesfag nivå I og nivå II berre dersom dei allereie har standpunktkarakter i faget.
Privatistar som har eller har hatt opplæring i samisk som første- eller andrespråk etter opplæringslova § 6-2, norsk teiknspråk etter opplæringslova § 6-3, kvensk eller finsk som andrespråk, eller har tatt eksamen i desse faga, er fritatt frå kravet om eksamen i framandspråk.
Reglene bestemmer hvilket nivå privatister skal ta eksamen i for framandspråk. Noen kan velge nivå, mens andre er fritatt fra eksamen dersom de har hatt opplæring i visse språk.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrift 2 april 2025 nr. 575.
Se ogsåOpplæringslova § 6-2Opplæringslova § 6-3referert av 1 →
Sammenheng
Endringshistorikk1
Koblinger for § 5-8 i opplæringsforskrifta.