Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 9-18. Fellesreglar om fritak frå vurdering med karakter

Opplæringsforskrifta·Kapittel 9. Individuell vurdering

Fellesreglar om fritak frå vurdering med karakter

Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at elevane får nødvendig rettleiing om kva fritak frå vurdering med karakter inneber, før det blir gitt slikt fritak. Foreldra skal også få slik rettleiing dersom elevane ikkje er myndige. Dei som er fritatt frå vurdering med karakter, skal få halvårsvurdering og undervegsvurdering utan karakter. Elevar som er fritatt frå vurdering med karakter i eit fag, skal ikkje delta på eksamen i faget. Dersom ein elev som får innvilga fritak i eit fag, allereie har avlagt eksamen i faget, skal kommunen og fylkeskommunen stryke eventuelle standpunktkarakterar og eksamenskarakterar eleven har i faget.

Kommunen og fylkeskommunen skal gi informasjon om hva det innebærer å slippe karakterer før et slikt fritak gis. Elever som er fritatt, får vurderinger uten karakter og skal ikke avlegge eksamen i faget. Tidligere karakterer i faget skal slettes.AI

referert av 2

Sammenheng

Referert av2

Koblinger for § 9-18 i opplæringsforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →