Forskrift
Nynorsk
§ 9-39. Bortvising frå eksamen
Bortvising frå eksamen
Elevar, og privatistar som hindrar eller forstyrrar gjennomføringa av eksamen, kan visast bort. Før dei kan visast bort, må dei ha fått ei åtvaring og moglegheit til å endre oppførsel.
Rektor sjølv avgjer om elevar skal visast bort. Fylkeskommunen avgjer om privatistar, dei som har læretid i bedrift og praksiskandidatar skal visast bort. Før det blir gjort vedtak om bortvising, skal den det gjeld få uttale seg om saka.
I vidaregåande opplæring vil elevar og dei som har læretid i bedrift, etter bortvising, ha rett til ny eksamen etter § 9-37. Privatistar og praksiskandidatar som får medhald i ei klage på eit vedtak om bortvising har også rett til å gå opp til ny eksamen ved første etterfølgjande eksamen.
Elevar og privatistar som forstyrrar eksamen kan visast bort. Personen må få ei åtvaring og uttale seg før vedtaket blir gjort. Enkelte grupper har rett til ny eksamen etter bortvising.AI
Sammenheng
Se også1
Referert av2
Koblinger for § 9-39 i opplæringsforskrifta.