Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 9-42. Annullering av eksamen på grunn av juks eller forsøk på juks

Opplæringsforskrifta·Kapittel 9. Individuell vurdering

Annullering av eksamen på grunn av juks eller forsøk på juks

Rektor sjølv skal annullere eksamenen til ein elev dersom det i samband med gjennomføringa av eksamen blir oppdaga at eleven har juksa eller forsøkt å jukse. For elevar som får ein eksamen annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, fell standpunktkarakteren i det aktuelle faget bort. Fylkeskommunen skal annullere eksamen for privatistar eller dei som har læretid i bedrift dersom det i samband med gjennomføringa av eksamen blir oppdaga at dei har juksa eller forsøkt å jukse. Dei som har blitt tatt i å jukse eller forsøkje å jukse, har rett til å fullføre eksamen på eksamensdagen. Den det gjeld skal få uttale seg om saka før det blir avgjort om eksamen skal annullerast. Dei som har fått ein eksamen i vidaregåande opplæring annullert på grunn av juks eller forsøk på juks, kan gå opp til eksamen på nytt tidlegast eitt år etter at eksamenen blei annullert.

Eksamener som er preget av juks eller forsøk på juks skal annulleres. For elever fører dette til at standpunktkarakteren i faget bortfaller. De som blir tatt i å jukse, har likevel rett til å fullføre eksamenen den aktuelle dagen.AI

referert av 1

Sammenheng

Referert av1

Koblinger for § 9-42 i opplæringsforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →