Forskrift
Nynorsk
§ 9-47. Førstegongsvitnemål i vidaregåande opplæring
Førstegongsvitnemål i vidaregåande opplæring
Førstegongsvitnemål skal givast som dokumentasjon til elevar som har bestått vidaregåande opplæring som gir generell studiekompetanse, innan fem år etter oppstart.
På førstegongsvitnemålet skal det førast følgjande karakterar:
a) karakterar frå opplæringsløpet til eleven, jf. læreplanverket
b) karakterar i fag som går utover minstekravet til studiekompetanse, dersom eleven ønskjer det
c) endra karakterar etter klage
d) karakterar frå ny eksamen etter § 9-37, § 9-39 tredje ledd eller § 9-40 andre ledd, utsett eksamen etter § 9-36 og særskild eksamen etter § 9-38
e) karakterar som er betra i løpet av den tida læreplanverket fastset for opplæringsløpet, ikkje medrekna verdiskapingstida i bedrift, dersom eleven ønskjer det.
Dersom det allereie er utferda eit førstegongsvitnemål, skal dette berre endrast dersom eleven får nye karakterar som følgje av bokstav c–e, eller dersom ein eller fleire karakterar er annullert.
Elever som fullfører videregående opplæring med generell studiekompetanse innen fem år etter oppstart, får et førstegongsvitnemål. Dette dokumentet inneholder karakterer fra opplæringsløpet og eventuelle endringer eller tilleggskarakterer.AI
Se ogsåOpplæringsforskrifta § 9-37Opplæringsforskrifta § 9-39Opplæringsforskrifta § 9-40Opplæringsforskrifta § 9-36referert av 1 →
Sammenheng
Se også5
Koblinger for § 9-47 i opplæringsforskrifta.