Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 14-4. Fjernundervisning

Opplæringslova·Kapittel 14. Organiseringa av opplæringa og reglar for livssynsopplæringa

Fjernundervisning

Delar av opplæringa kan gjennomførast utan at læraren er til stades saman med elevane (fjernundervisning) dersom det er gode grunnar for det og det er trygt og pedagogisk forsvarleg. At det må vere gode grunnar betyr at fordelane for elevane må vere større enn ulempene ved å gjennomføre opplæringa som fjernundervisning. Når det skal vurderast om det vil vere trygt og pedagogisk forsvarleg å gi delar av opplæringa som fjernundervisning, skal det mellom anna takast omsyn til elevane sitt høve til læring, utvikling, trivsel og sosial samkjensle. Elevane skal få fjernundervisning på skolen. I særlege tilfelle kan ein elev få fjernundervisning andre stader enn på skolen. Elevar i vidaregåande skole kan også få unntak etter avtale med rektor. Fjernundervisninga skal gjennomførast slik at elevane og læraren kan kommunisere effektivt. Dei tekniske løysingane som blir nytta, må leggje til rette for kommunikasjon i sanntid eller med kort responstid. Kommunen eller fylkeskommunen skal godtgjere at vilkåra i denne paragrafen er oppfylte. Departementet kan gi forskrift om fjernundervisning.
Noter (1)
  • EndringVert endra ved lov 19 juni 2026 nr. 59 (i kraft 1 aug 2026 iflg. res. 19 juni 2026 nr. 1137).

omtalt i 2 kilderreferert av 1

Sammenheng

Referert av1
Nevnt i2
Endringshistorikk1

Koblinger for § 14-4 i opplæringslova.

Les hele loven i sammenheng →