Lov
Nynorsk
§ 15-3. Krav til rettskriving og krav til skriftspråk i læremiddel
Krav til rettskriving og krav til skriftspråk i læremiddel
Med læremiddel er her meint alle trykte, ikkje-trykte og digitale element som er utvikla til bruk i opplæringa, som skal brukast jamleg i opplæringa, og som dekkjer vesentlege delar av læreplanen i faget.
Skolen skal bruke læremiddel på norsk og samisk som følgjer offisiell rettskriving.
Skolen skal bruke læremiddel som ligg føre på bokmål og nynorsk til same tid og same pris. Kravet gjeld ikkje
a) læremiddel i faget norsk
b) læremiddel i fag med årskull med 300 eller færre elevar
c) læremiddel der den norske teksten utgjer ein mindre del
Dei trykte læremidla i norskfaget i grunnskolen skal samla ha nok tilfang på både bokmål og nynorsk, slik at elevane lærer å lese begge skriftspråka.
Skulen skal bruke læremiddel som følgjer offisiell rettskriving på norsk og samisk. Læremiddel skal som hovudregel finnast på både bokmål og nynorsk til same tid og pris.AI
Sammenheng
Nevnt i4
- Innst. 442 L (2022–2023)Innstilling til Stortinget fra utdannings- og forskningskomiteen
- Innst. 89 S (2020–2021)Innstilling til Stortinget fra kommunal- og forvaltningskomiteen
- Innst. 151 L (2017–2018)Innstilling til Stortinget fra familie- og kulturkomiteen
- Innst. 432 S (2012–2013)Innstilling fra kirke-, utdannings- og forskningskomiteen om på rett vei – kvalitet og mangfold i fellesskolen
Koblinger for § 15-3 i opplæringslova.