Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 25-5. Register over barn i grunnskoleopplæring

Opplæringslova·Kapittel 25. Behandling av personopplysningar og plikt til å delta i evalueringar·Sist endret 1. august 2025

Register over barn i grunnskoleopplæring

Departementet kan etablere eit register med opplysningar om barn i grunnskoleopplæringa på individnivå for bruk i statistikk og forsking om grunnopplæringa. Registeret kan innehalde personopplysningar knytte til fødselsnummer eller andre personeintydige identifikasjonsnummer. Formålet med registeret er å behandle personopplysningar som grunnlag for statistikk og forsking for å få fram kunnskap om effektar av tiltak og om utviklinga i sektoren. Registeret kan berre behandle dei personopplysningane som er nødvendige å behandle for formålet med registeret. Personopplysningane i registeret kan ikkje brukast til formål som er uforeinlege med formål nemnde i andre ledd. Personopplysningane kan ikkje brukast som grunnlag for enkeltvedtak eller andre individuelle avgjerder eller tiltak retta mot dei registrerte. Personopplysningar frå registeret kan ikkje utleverast til andre enn Statistisk sentralbyrå. Departementet kan gi forskrift om registeret og om plikt for kommunar til, utan hinder av teieplikt, å innrapportere dei opplysningane som er nødvendige for å oppnå formålet med registeret. Departementet kan vidare gi forskrift om behandlinga av personopplysningar, mellom anna om behandlingsansvar, kva opplysningar som kan behandlast og om kven, og tilgang til, vidarebehandling og utlevering av personopplysningar.

Departementet kan opprette et register med personopplysninger om barn i grunnskolen for bruk til statistikk og forskning. Opplysningene kan kun brukes til dette formålet og ikke til enkeltvedtak om den enkelte. Opplysninger kan bare utleveres til Statistisk sentralbyrå.AI

Noter (1)
  • EndringTilføyd ved lov 20 juni 2025 nr. 98 (i kraft 1 aug 2025 iflg. res. 20 juni 2025 nr. 1091).

omtalt i 1 kilde

Sammenheng

Nevnt i1
Endringshistorikk1

Koblinger for § 25-5 i opplæringslova.

Les hele loven i sammenheng →