Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 28-6. Unntak frå hovudreglane om kva opplæring kommunen og fylkeskommunen har ansvar for

Opplæringslova·Kapittel 28. Ansvaret til kommunen og fylkeskommunen

Unntak frå hovudreglane om kva opplæring kommunen og fylkeskommunen har ansvar for

Departementet kan i særlege tilfelle godkjenne at ein fylkeskommune driv grunnskoleopplæring og førebuande opplæring for vaksne, og at ein kommune driv vidaregåande opplæring. Departementet kan i særlege tilfelle godkjenne at ein fylkeskommune driv vidaregåande opplæring i utlandet, dersom målet med opplæringa er norsk studie- eller yrkeskompetanse. Denne lova gjeld for slik opplæring. Så langt det er forsvarleg og nødvendig, kan departementet likevel gjere unntak frå reglane i lova og forskrifter til lova. Departementet kan endre vilkåra for godkjenninga når tilhøva talar for det, og kan om nødvendig kalle ho tilbake. Staten kan i særlege tilfelle drive grunnskoleopplæring, førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring. Departementet kan gi forskrift om unntak frå reglane i lova og forskrifter til lova når staten driv grunnskoleopplæring, førebuande opplæring for vaksne og vidaregåande opplæring.

Departementet kan i spesielle tilfeller gi tillatelse til at kommuner og fylkeskommuner bytter ansvar for ulike skoletrinn. Staten kan også drive slik opplæring i særskilte tilfeller.AI

referert av 1

Sammenheng

Referert av1

Koblinger for § 28-6 i opplæringslova.

Les hele loven i sammenheng →