Lov
Nynorsk
§ 28-7. Ansvar for skyss, reisefølgje, tilsyn og losji
Ansvar for skyss, reisefølgje, tilsyn og losji
Fylkeskommunen skal oppfylle retten til skyss for elevar i grunnskolen og i den vidaregåande skolen og for deltakarar i den førebuande opplæringa og den vidaregåande opplæringa for vaksne. Det er likevel kommunen som skal oppfylle retten til skyss for grunnskoleelevar som har særleg farleg eller vanskeleg skoleveg.
Fylkeskommunen skal oppfylle retten til reisefølgje og tilsyn for elevar i den vidaregåande opplæringa. Kommunen skal oppfylle retten til reisefølgje, tilsyn og losji for grunnskoleelevar og deltakarar i førebuande opplæring for vaksne.
Når fylkeskommunen sørgjer for skyss for elevar i grunnskolen og deltakarar i den førebuande opplæringa for vaksne, skal kommunen dekkje utgiftene som svarer til persontakst for enkeltreiser på strekninga.
Fylkeskommunen skal organisere skoleskyssen i samråd med kommunen. Blir dei ikkje samde, kan statsforvaltaren gi pålegg om korleis skoleskyssen skal organiserast og finansierast.
Kommunen har ansvar for innlosjering av elevar i grunnskolen etter § 4-3. Fylkeskommunen har ansvar for å hjelpe elevar i den vidaregåande opplæringa med å skaffe bustad etter § 9-3.
Departementet kan gi forskrift om
a) skoleskyss og skyssgodtgjersle
b) heimreiser, reisefølgje og opphald for dei som må innlosjerast i samsvar med kapittel 9
c) heimfylket sitt ansvar for å refundere utgifter til skyss i samband med vidaregåande opplæring i eit anna fylke
Bestemmelsen fordeler ansvaret for skoleskyss, reisefølgje, tilsyn og losji mellom fylkeskommunen og kommunen. Fylkeskommunen har hovudansvaret for skyss, medan kommunen har ansvar for losji og skyss ved særleg farleg eller vanskeleg skoleveg for grunnskoleelevar.AI
Se ogsåOpplæringslova § 4-3Opplæringslova § 9-3omtalt i 4 kilder →referert av 1 →
Sammenheng
Nevnt i4
- Lovvedtak 69 (2024–2025)Vedtak til lov om endringer i opplæringslova, privatskolelova og barnehageloven (individregistre over barn i barnehager og grunnskoleopplæring, overtredelsesgebyr m.m.)
- Innst. 374 L (2024–2025)Innstilling til Stortinget fra utdannings- og forskningskomiteen
- Lovvedtak 89 (2022–2023)Vedtak til lov om grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa (opplæringslova)
- Innst. 442 L (2022–2023)Innstilling til Stortinget fra utdannings- og forskningskomiteen
Koblinger for § 28-7 i opplæringslova.