Forskrift
Nynorsk
§ 18-3. Når og kvar forsikringa skal gjelde
Når og kvar forsikringa skal gjelde
Forsikringa skal gi dekning for ulykkesskade som har hendt
a) på opplæringsstaden i opplæringstida
b) på veg mellom heimen og opplæringsstaden
c) på veg mellom heimen og staden der arbeidet blir gjort i regi av lærebedrifta.
Andre opphaldsstader er likestilte med heim i første ledd bokstav b og c.
For elevar ved internatskolar gjeld forsikringa heile døgnet i den tida elevane oppheld seg på skolen, men ikkje i feriar og under liknande fråvær når elevane ikkje er under tilsyn av internatskolen. Forsikringa gjeld likevel på reiser mellom heimen og internatskolen i samband med slikt fråvær.
Forsikringen dekker ulykker som skjer på opplæringsstedet, på vei til og fra opplæring og på vei til steder der man arbeider for lærebedriften. For elever på internatskole gjelder dekningen hele døgnet mens de er på skolen, samt på reiser mellom hjemmet og skolen.AI