Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 20-5. Ikkje-anonyme skolemiljøundersøkingar

Opplæringsforskrifta·Kapittel 20. Behandling av personopplysningar

Ikkje-anonyme skolemiljøundersøkingar

Skolen kan bruke ikkje-anonyme skolemiljøundersøkingar som ein del av det førebyggjande skolemiljøarbeidet etter opplæringslova § 12-3. Dette kan gjerast i tilfelle der slike undersøkingar er formålstenlege for å kartleggje skolemiljøet, finne eigna tiltak for å betre relasjonar og sikre eit trygt og godt skolemiljø for alle elevar. Skolen kan bruke ikkje-anonyme skolemiljøundersøkingar når dei skal følgje opp konkrete mistankar etter opplæringslova § 12-4 og § 12-5 ved langvarige, uoversiktlege eller kompliserte utfordringar i skolemiljøet, når andre slags undersøkingar ikkje har ført fram. Ikkje-anonyme skolemiljøundersøkingar må gjennomførast slik at dei grip minst mogleg inn i personvernet til elevane. Undersøkingar etter første ledd kan berre omfatte spørsmål om negative relasjonar der enkeltelevar ikkje kan namngivast. Skolen skal på eigna måte kontrollere om opplysningane som kjem fram i undersøkingane, er rette, før dei blir lagde til grunn for val av tiltak.

Skolen kan gjennomføre undersøkelser av skolemiljøet der elevene ikke er anonyme. Dette kan brukes til forebyggende arbeid eller for å følge opp kompliserte utfordringer. Undersøkelsene skal ivareta personvernet, og opplysningene må kontrolleres før tiltak iverksettes.AI

Se ogsåOpplæringslova § 12-3Opplæringslova § 12-4Opplæringslova § 12-5

Sammenheng

Se også3

Koblinger for § 20-5 i opplæringsforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →