Forskrift
Nynorsk
§ 22-5. Eigendel for berbar PC
Opplæringsforskrifta·Kapittel 22. Fylkeskommunen sin rett til refusjon og fylkeskommunen sitt økonomiske ansvar
Eigendel for berbar PC
Fylkeskommunen kan krevje ein årleg eigendel frå elevar for å dekkje delar av kostnaden for ein berbar PC. Eigendelen kan ikkje setjast høgare enn den lågaste stipendsatsen i det årlege ikkje-behovsprøvde utstyrsstipendet. Etter vidaregåande skole skal elevane få behalde PC-en.
Elevar som avbryt den vidaregåande opplæringa, skal få tilbod om å kjøpe PC-en. Den samla betalinga kan ikkje overstige tre gonger den lågaste stipendsatsen i det årlege ikkje-behovsprøvde utstyrsstipendet utrekna på tidspunktet då eleven avbraut opplæringa.
Fylkeskommunen kan kreve en årlig egenandel fra elever for PC. Etter videregående skole får eleven beholde PC-en. Elever som avbryter utdanningen kan få tilbud om å kjøpe PC-en.AI