Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 6-22. Samansetjing av yrkesopplæringsnemnder og yrkesutval

Opplæringsforskrifta·Kapittel 6. Fag- og yrkesopplæringa·Sist endret 2. april 2025

Samansetjing av yrkesopplæringsnemnder og yrkesutval

Yrkesopplæringsnemndene som er nemnde opp etter opplæringslova § 8-2 første ledd, skal ha medlemmer med personlege varamedlemmer. Medlemmene skal til saman ha brei innsikt i heile fag- og yrkesopplæringa og i nærings- og sysselsetjingsspørsmål. Det skal nemnast opp medlemmer frå partane i arbeidslivet etter forslag frå arbeidstakarorganisasjonane og arbeidsgivarorganisasjonane. Kvar organisasjon som er med i SRY, har rett til å vere representert i nemnda. Partane i arbeidslivet skal ha fleirtal. Det skal nemnast opp minst éin representant for elevar, lærlingar, praksisbrevkandidatar eller lærekandidatar etter forslag frå organisasjonar eller organ som representerer dei. Fylkeskommunen kan be lærarorganisasjonane om å komme med forslag til nemndmedlemmer. Yrkesopplæringsnemnda vel sjølv leiar og nestleiar. Funksjonstida til nemnda er den same som for fylkestinget. Representantane for elevane, lærlingane, praksisbrevkandidatane og lærekandidatane blir nemnde opp for to år om gongen. Yrkesopplæringsnemnda skal nemne opp eit rådgivande yrkesutval for kvart av faga eller fagområda, eller bruke prøvenemnda som yrkesutval. Kommuneloven § 7-2 tredje ledd gjeld ikkje for oppnemning av medlemmer til yrkesopplæringsnemnda.

Bestemmelsen fastslår hvordan yrkesopplæringsnemnder skal settes sammen. Nemndene skal ha medlemmer med bred innsikt i yrkesopplæring og arbeidsliv, der partene i arbeidslivet skal ha flertallet. Det skal også være representanter for elever og lærlinger.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved forskrift 2 april 2025 nr. 575.

Se ogsåOpplæringslova § 8-2Kommuneloven § 7-2

Sammenheng

Se også2
Endringshistorikk1

Koblinger for § 6-22 i opplæringsforskrifta.

Les hele forskriften i sammenheng →