Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 9-35. Eksamen i utlandet for elevar og privatistar i vidaregåande opplæring

Opplæringsforskrifta·Kapittel 9. Individuell vurdering

Eksamen i utlandet for elevar og privatistar i vidaregåande opplæring

Elevar og privatistar i vidaregåande opplæring kan søkje Statsforvaltaren i Agder om å få avleggje skriftleg eksamen i utlandet. Statsforvaltaren i Agder kan innvilge ein slik søknad dersom eleven eller privatisten som søkjer, bur fast i utlandet eller er militært personell stasjonert i utlandet og også desse vilkåra er oppfylte: a) Eleven eller privatisten er meld opp til eksamen, og det er nødvendig å gå opp til eksamen i utlandet. b) Eksamen kan gjennomførast på same tid som i Noreg. c) Eksamensstaden i utlandet er tilfredsstillande og har stadfesta at han kan arrangere eksamen. d) Ein skole i Noreg har stadfesta at han kan vere formell arrangør. Elevar og privatistar som representerer Noreg på høgt nivå på internasjonale arrangement innanfor idrett og annan kultur, kan også få innvilga søknad om å få avleggje skriftleg eksamen i utlandet dersom vilkåra i andre ledd bokstav a–d er oppfylte.

Elever og privatister i videregående opplæring kan søke om å ta skriftlig eksamen i utlandet. Dette kan innvilges dersom man bor fast i utlandet, er stasjonert militært eller representerer Norge på høyt nivå innen idrett eller kultur, forutsatt at visse krav til gjennomføring er oppfylt.AI

Les hele forskriften i sammenheng →