Lov
Nynorsk
§ 17-12. Skolefagleg kompetanse og kvalitetsutvikling
Skolefagleg kompetanse og kvalitetsutvikling
Det skal vere skolefagleg kompetanse i kommune- og fylkeskommuneadministrasjonen.
Kommunen og fylkeskommunen skal arbeide for å halde ved lag og heve kvaliteten i grunnskoleopplæringa og den vidaregåande opplæringa.
Kommunen og fylkeskommunen skal sørgje for at skolane jamleg vurderer i kva grad organiseringa, tilrettelegginga og gjennomføringa av opplæringa medverkar til å nå dei måla som er fastsette med heimel i §§ 1-4 første og andre ledd og 1-5 andre og tredje ledd.
Kommunestyret og fylkestinget skal minst éin gong i året få informasjon om læringsmiljøet, læringsresultata og gjennomføringa til elevane i opplæringa.
Kommunen og fylkeskommunen skal ha fagkompetanse og jobbe for å heve kvaliteten i skolen. Skolane skal jamleg vurdere om organisering og gjennomføring av opplæringa bidrar til å nå måla. Kommunestyret og fylkestinget skal årleg få informasjon om elevane sine resultat og læringsmiljøet.AI
Se ogsåOpplæringslova § 1-4Opplæringslova § 1-5omtalt i 1 kilde →
Sammenheng
Koblinger for § 17-12 i opplæringslova.