Lov
Nynorsk
§ 20-1. Rett til medverknad for vaksne deltakarar
Opplæringslova·Kapittel 20. Medverknad, læringsmiljø, lokale ordensreglar og bortvising i opplæringa for vaksne
Rett til medverknad for vaksne deltakarar
Deltakarar i den førebuande og den vidaregåande opplæringa for vaksne har rett til medverknad i alt som gjeld dei sjølve etter denne lova, og har rett til å ytre meiningane sine fritt. Deltakarane skal bli høyrde, og det skal leggjast vekt på meiningane deira.