Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 23-4. Behandling av søknad om godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring

Opplæringslova·Kapittel 23. Privatistordningar og godkjenning av utanlandsk opplæring·Sist endret 1. august 2024

Behandling av søknad om godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring

Ved vurdering av søknader om godkjenning av utanlandsk fag- og yrkesopplæring etter § 23-3 kan det behandlast personopplysningar som nemnde i personvernforordninga artikkel 9 og 10. Vedtak om godkjenning kan gjerast ved heilt eller delvis automatisert saksbehandling. Søkjaren kan krevje at vedtaket skal overprøvast manuelt. Fødselsnummer, D-nummer og informasjon om at ein person har eit godkjenningsvedtak, kan delast automatisk med ein portal for deling av vitnemål og dokumentasjon om oppnådd kompetanse, jf. universitets- og høyskoleloven § 15-1. Vedtak kan berre delast når den registrerte har bestemt det. Dersom den som behandlar ein søknad om godkjenning, oppdagar at ein søkjar har levert falske vitnemål, andre falske dokument eller dokument frå falske institusjonar, skal forholdet meldast til politiet.

Reglene forklarer hvordan søknader om godkjenning av utenlandsk yrkesopplæring behandles. Vedtak kan fattes automatisk, men kan overprøves manuelt. Falske dokumenter skal meldes til politiet.AI

Noter (1)
  • EndringEndra ved lov 8 mars 2024 nr. 9 (i kraft 1 aug 2024 iflg. res. 8 mars 2024 nr. 407).

Se ogsåOpplæringslova § 23-3Universitets- og høyskoleloven § 15-1omtalt i 1 kilde

Sammenheng

Se også2
Nevnt i1
Endringshistorikk1

Koblinger for § 23-4 i opplæringslova.

Les hele loven i sammenheng →