Forskrift
Nynorsk
§ 1-7. Opplæring i framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfag på 8. til 10. trinn
Opplæring i framandspråk, fordjuping eller arbeidslivsfag på 8. til 10. trinn
Elevar på 8. til 10. trinn skal i tillegg til opplæringa i engelsk ha opplæring i eit framandspråk, fordjuping i engelsk, norsk, samisk eller matematikk, eller opplæring i arbeidslivsfag.
Skolen må tilby opplæring i
a) minst eitt av språka tysk, fransk, spansk eller russisk etter læreplanen i framandspråk på nivå I, eller etter den læreplanen som skolen har fått godkjend.
b) minst eitt av faga fordjuping i engelsk, fordjuping i norsk, fordjuping i samisk eller fordjuping i matematikk, etter den læreplanen som skolen har fått godkjend.
Elevane skal ha det faget dei har valt, frå 8. til 10. trinn. Dei kan likevel byte fag det første halvåret i samråd med skolen. Skolen kan godkjenne fagbyte på eit seinare tidspunkt dersom særlege grunnar taler for det.
Elevane kan ikkje krevje å halde fram med det same faget dersom dei byter skole.
Elever fra 8. til 10. trinn skal ha et valgfag i tillegg til engelsk. Skolen må tilby enten et framandspråk eller fordypning i utvalgte fag. Valget av fag skal normalt gjelde i hele perioden.AI
Noter (1)
- EndringVert endra ved forskrift 18 feb 2026 nr. 235 (i kraft 1 aug 2026).