Forskrift
Nynorsk
§ 13-3. Nasjonale undersøkingar om skole- og læringsmiljøet til elevane
Privatskoleforskrifta·Kapittel 13. Rapportering og evaluering av opplæringsverksemda·Sist endret 13. april 2026
Nasjonale undersøkingar om skole- og læringsmiljøet til elevane
På oppdrag frå departementet utarbeider Utdanningsdirektoratet nasjonale undersøkingar om skole- og læringsmiljøet til elevane. Skolen skal sørgje for at undersøkingane blir gjennomførte og følgde opp lokalt. Utdanningsdirektoratet kan godkjenne lokale tilleggsspørsmål frå skolar. Det skal vere frivillig for elevane å delta i slike undersøkingar.
Dei endelege resultata frå undersøkingane skal ikkje innehalde direkte identifiserbare personopplysningar.
Utdanningsdirektoratet kan behandle personopplysningar når det er nødvendig for å gjennomføre undersøkingane. Utdanningsdirektoratet kan også behandle endelege resultat som indirekte kan knytast til enkeltpersonar, når det er nødvendig for å kartleggje skole- og læringsmiljøet til elevane, jf. privatskolelova § 7-2d. Opplysningane kan også brukast som grunnlag for forsking, analyse og statistikk.
Utdanningsdirektoratet lager nasjonale undersøkelser om skole- og læringsmiljøet som skolene skal gjennomføre. Det er frivillig for elever å delta. Resultatene skal ikke inneholde opplysninger som direkte identifiserer enkeltpersoner.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrift 13 april 2026 nr. 591.
Se ogsåPrivatskolelova § 7-2 d
Sammenheng
Se også1
Endringshistorikk1
Koblinger for § 13-3 i privatskoleforskrifta.