Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 6-26. Ansvaret for eksamen

Privatskoleforskrifta·Kapittel 6. Individuell vurdering

Ansvaret for eksamen

Ved sentralt gitt eksamen har Utdanningsdirektoratet ansvaret for å organisere eksamen, utarbeide eksamensoppgåver, setje dato for eksamen og fastsetje sensurordningane, om ikkje noko anna er fastsett i læreplanen i faget. Ved lokalt gitt eksamen har vertskommunen eller vertsfylket ansvaret for å utarbeide eksamensoppgåver, setje dato for eksamen og gjennomføre sensur, om ikkje noko anna er fastsett i læreplanen i faget. Faglæraren skal utarbeide forslag til oppgåver. Vertskommunen og vertsfylket har ansvaret for å gjennomføre alle eksamenar og for å trekkje ut elevar til eksamen. Skolen må sørgje for at det er rett elev som møter til eksamen. Skolen har ansvar for å gi elevane informasjon om eksamen og om kva det blir lagt vekt på i vurderinga. Dei som er ansvarlege for å utarbeide eksamen, avgjer om eksamen kan gjennomførast med hjelpemiddel, og kva for hjelpemiddel som er tillatne i kvart fag.

Reglene forklarer hvem som har ansvaret for å organisere eksamen, lage oppgaver, bestemme dato og sensur. Det skilles mellom sentrale og lokale eksamener, mens skolen skal informere elevene og sikre at riktig elev møter.AI

Les hele forskriften i sammenheng →