Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 6-4. Karakterar i fag

Privatskoleforskrifta·Kapittel 6. Individuell vurdering

Karakterar i fag

Frå og med 8. trinn skal elevane få vurdering med karakter i faga. Det er berre krav om karakterar ved halvårsvurdering og sluttvurdering. Det skal brukast heile talkarakterar på ein skala frå 1 til 6. Karakterane skal vise til desse gradane av ferdigheit hos elevane: a) karakteren 6: framifrå kompetanse i faget b) karakteren 5: mykje god kompetanse i faget c) karakteren 4: god kompetanse i faget d) karakteren 3: nokså god kompetanse i faget e) karakteren 2: låg kompetanse i faget f) karakteren 1: svært låg kompetanse i faget. I vidaregåande opplæring består ein eit fag med karakteren 2 eller betre. Med karakteren 1 som standpunktkarakter i eit fag blir faget rekna som bestått når eksamenskarakteren i faget er 2 eller betre. Dette gjeld ikkje for tverrfagleg eksamen. Departementet kan fastsetje i læreplanen i eit fag om uttrykka «bestått» og «ikkje bestått» eller «deltatt» og «ikkje deltatt» skal brukast i staden for talkarakter.

Elever fra 8. trinn får karakterer i fagene ved halvårs- og sluttvurderinger. Karakterene gis som hele tall fra 1 til 6. I videregående opplæring må man ha karakteren 2 eller bedre for å bestå et fag.AI

Les hele forskriften i sammenheng →