Riksteatret har til føremål å fremja arbeidet med å føra dramatisk kunst ut til folket i bygd og by og på andre tenlege måtar å auka kjennskapen til god dramatisk kunst.
Denne oppgåva skal Riksteatret løysa ved:
a) å greida med den praktiske tilskipinga av spelferder som Riksteatret ynskjer å senda ut og som går ut frå og blir drivne av dei statsstødde teatra i landet i samsvar med dei plikter som desse teatra har for å få statsstønad,
b) å stø godtekne spelferder som går ut frå andre faste teater enn dei som er nemnde under bokstav a eller som med eller utan tilskunning frå Riksteatret kjem i stand etter opptak frå einskildpersonar, institusjonar eller grupper av skodespelarar, og som desse sjølve har det økonomiske ansvaret for,
c) å skipa til spelferder med skodespelarar som er tinga til dette beinveges av Riksteatret for den einskilde spelferda eller for ein heil spelbolk,
d) å få i stand lokale teaterlag til framhjelp for Riksteatret og det føremålet det har,
e) å fremja arbeidet med å reisa tidhøvelege teaterbygnader,
f) å fremja eller stø andre tiltak som er tenlege for føremålet.
Riksteatret skal bringe dramatisk kunst ut til folk i både bygd og by. Dette skal skje gjennom ulike former for teaterreiser, støtte til teatergrupper og arbeid med teaterbygg.AI
Noter (1)
- EndringEndra med lov 20 juni 2003 nr. 45 (ikr. 1 juli 2003 iflg. res. 20 juni 2003 nr. 712).