Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 1-5. Konsern

Statsføretakslova·Kapittel 1. Innleiande føresegner

Konsern

(1) Eit morføretak utgjer saman med eitt eller fleire dotterselskap eit konsern. (2) Eit statsføretak er eit morføretak om det på grunn av avtale eller som eigar av aksjar eller selskapspartar har bestemmande innverknad over eit selskap. Eit statsføretak skal alltid reknast for å ha bestemmande innverknad over eit selskap når føretaket a) eig så mange aksjar eller partar i eit selskap at dei representerer fleirtalet av røystene i selskapet, eller b) har rett til å velje eller avsetje eit fleirtal av medlemene i styret til selskapet. (3) Eit selskap som står i eit forhold som nemnt i andre ledd til eit morføretak, er å rekne som eit dotterselskap. (4) Ved berekninga av røysterettar og rettar til å velje eller avsetje styremedlemer skal rettar som morføretaket og dotterselskapa har, reknast med. Det same gjeld rettar som nokon som handlar i sitt eige namn har, men som gjer det for morføretaket eller eit dotterselskap si rekning.

Et konsern består av et morselskap og ett eller flere datterselskaper. Et statlig foretak regnes som morselskap hvis det har bestemmende innflytelse over et annet selskap, for eksempel gjennom eierskap av aksjer eller rett til å bestemme styret.AI

referert av 1

Sammenheng

Referert av1

Koblinger for § 1-5 i statsføretakslova.

Les hele loven i sammenheng →