Lov
Nynorsk
§ 4-5. Mynde til å kalle inn til føretaksmøte og krav til innkallinga
Mynde til å kalle inn til føretaksmøte og krav til innkallinga
(1) Departementet kallar inn til føretaksmøte ved skriftleg melding til alle styremedlemene, dagleg leiar og revisoren i føretaket.
(2) Innkallinga skal vere send seinast éi veke før møtet, om ikkje kortare varsel i særlege tilfelle er påtrengjande nødvendig.
(3) Innkallinga skal opplyse om tid og stad for møtet, om møteforma og eventuelt om framgangsmåten for å delta digitalt. I innkallinga skal dei sakene som skal handsamast i møtet, vere klart oppgitt. Framlegg om å endre vedtektene skal også gå klart fram av innkallinga.
(4) Føretaksmøtet kan ikkje gjere vedtak i andre saker enn dei som er oppgitt i innkallinga, med mindre alle styremedlemene og dagleg leiar samtykkjer i det.
Departementet kaller inn til føretaksmøte ved skriftlig melding til styremedlemmer, daglig leder og revisor. Innkallingen skal inneholde tid, sted, møteform og sakliste. Som hovedregel kan det kun tas beslutninger i saker som står på saklisten.AI