Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 5-1. Samansetjinga av styret m.m

Statsføretakslova·Kapittel 5. Styre og dagleg leiar

Samansetjinga av styret m.m

(1) Føretaket skal ha eit styre med minst tre medlemer. I føretak der dei tilsette har styrerepresentasjon, jf. § 5-3, skal styret ha minst fem medlemer. (2) Berre myndige personar kan vere styremedlemer. Dagleg leiar kan ikkje vere medlem av styret. (3) Føretaksmøtet vel styremedlemene, som også avgjer om det skal veljast varamedlemer. Første punktum gjeld ikkje styremedlemer som dei tilsette skal velje etter § 5-3. (4) Føretaksmøtet vel styreleiar. (5) Reglane i aksjeloven § 20-6 om representasjon av begge kjønn i styret gjeld tilsvarande.

Et statsforetak skal ha et styre med minst tre medlemmer, eller minst fem dersom ansatte er representert. Styremedlemmer må være myndige, og daglig leder kan ikke sitte i styret. Det skal være representasjon fra begge kjønn i styret.AI

Se ogsåStatsføretakslova § 5-3Aksjeloven § 20-6referert av 8

Sammenheng

Se også2
Referert av8

Koblinger for § 5-1 i statsføretakslova.

Les hele loven i sammenheng →