Kreditorvarsel
(1) Ved registrering av meldinga om oppløysing skal Føretaksregisteret kunngjere vedtaket om å løyse opp føretaket i den digitale kunngjeringspublikasjonen til Brønnøysundregistera. I kunngjeringa skal kreditorane til føretaket varslast om at dei må melde krava sine til leiaren av avviklingsstyret innan seks veker frå kunngjeringa. Namnet og adressa til leiaren skal gå fram av kunngjeringa.
(2) Alle kreditorar med kjend adresse skal, om det er mogleg, varslast særskilt av føretaket.
Når eit statsføretak vert oppløyst, skal dette kunngjerast digitalt. Kreditorar får beskjed om at krav må meldast til leiaren av avviklingsstyret innan seks veker. Føretaket skal også prøve å varsle kjende kreditorar direkte.AI
Sammenheng
Referert av2
Koblinger for § 8-4 i statsføretakslova.