Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 5-28. Styreprotokoll

Statsføretakslova·Kapittel 5. Styre og dagleg leiar

Styreprotokoll

(1) Det skal førast protokoll over styrehandsaminga. Protokollen skal minst opplyse om tid og stad, deltakarar, handsamingsmåte og vedtak frå styret. Det skal gå fram at sakshandsaminga oppfyller krava i § 5-22. (2) Er ikkje vedtaket til styret einrøystes, skal protokollen opplyse om kven som har røysta for og imot. Når styremedlemer eller dagleg leiar ikkje er einige i eit vedtak, kan dei krevje å få oppfatninga si ført inn i protokollen. (3) Alle medlemene som har delteke i styrehandsaminga, skal signere protokollen. (4) Protokollen skal snarast, og seinast fjorten dagar etter at styreprotokollen er godkjend av styret, sendast til departementet. (5) Protokollen skal oppbevarast på forsvarleg vis i heile levetida til føretaket.

Det skal førast protokoll over styrebehandling i statsføretaket. Protokollen skal innehalde informasjon om møtet og vedtaka, og skal signerast av alle deltakarar. Den skal sendast til departementet og oppbevarast trygt så lenge føretaket eksisterer.AI

Se ogsåStatsføretakslova § 5-22

Sammenheng

Se også1

Koblinger for § 5-28 i statsføretakslova.

Les hele loven i sammenheng →