Hopp til innhold
Lov
Nynorsk

§ 9-1. Erstatningsansvar

Statsføretakslova·Kapittel 9. Erstatnings- og straffansvar m.m.

Erstatningsansvar

(1) Statsføretaket, staten eller andre kan krevje at dagleg leiar eller styremedlemer erstattar skade som dei i den nemnde eigenskapen har valda vedkomande med forsett eller aktlaust. (2) Statsføretaket, staten eller andre kan også krevje erstatning av den som med forsett eller aktlaust har medverka til skadevalding som nemnd i første ledd. Det kan krevjast erstatning av medverkaren sjølv om skadevaldaren ikkje kan haldast ansvarleg fordi vedkommande ikkje har handla med forsett eller vist aktløyse. (3) Aksjeloven §§ 17-2, 17-3, 17-5 og 17-6 gjeld tilsvarande så langt føresegnene passar. Aksjeloven §§ 17-3 og 17-5 gjeld tilsvarande for myndet til å krevje offentleg påtale og reise privat straffesak så langt føresegnene passar. Aksjeloven § 17-5 gjeld tilsvarande for krav frå føretaket på tilbakeføring etter § 3-7 og krav på ulovlege gåveytingar etter § 5-27 tredje ledd.

Dagleg leiar og styremedlemmer kan bli erstatningsansvarlege dersom dei med vilje eller ved uaktsomhet valdar skade i jobben sin. Personar som har bidratt til skaden med vilje eller ved uaktsomhet, kan også bli kravd for erstatning.AI

Se ogsåAksjeloven § 17-2Aksjeloven § 17-3Aksjeloven § 17-5Aksjeloven § 17-6

Sammenheng

Se også6

Koblinger for § 9-1 i statsføretakslova.

Les hele loven i sammenheng →