Gjennomføring av eksamen
(1) Så langt reglane høver med eksamensforma pliktar studentane å:
a) svare i samsvar med dei formelle krava til eksamenen som står i eksamensoppgåva og emneskildringa,
b) følge eksamensreglementet til fakultetet,
c) ikkje nytte anna enn lovlege hjelpemiddel,
d) legitimere seg på eigna måte,
e) levere eksamenssvaret innanfor fristen og
f) ikkje forstyrre andre og å rette seg etter meldingar frå eksamensvaktene.
(2) Fakultetet sjølv kan vedta utfyllande reglar for gjennomføringa av eksamen («eksamensreglement»). Studentane skal informerast om eksamensreglementa, og desse skal også vere lett tilgjengelege.
(3) Studentane skal få 15 minutt til å ordne tekniske aspekt ved leveringa på alle digitale saleksamenar («teknisk tid»), til dømes opplasting av dokument.
Studenter må følge formelle krav, reglement og instruksjoner fra vakter under eksamen. Det er krav om lovlig bruk av hjelpemidler, legitimasjon og levering innen fristen. Ved digitale saleksamener gis det ekstra tid til teknisk levering.AI