Hopp til innhold
Forskrift
Nynorsk

§ 7-7. Språk

UiBs studieforskrift·Kapittel 7. Eksamen

Språk

(1) Eksamensoppgåva skal givast på undervisingsspråket. Dersom det er fleire undervisingsspråk, skal språket til eksamensoppgåva regulerast i emneskildringa. (2) Eksamensoppgåver på norsk skal ligge føre på både nynorsk og bokmål. (3) Eksamenssvaret skal leverast på same språk som eksamensoppgåva. Eksamenssvar som kan leverast på norsk kan også leverast på svensk eller dansk. Fakultetet kan vedta i emneskildringa at det også er høve til å svare på engelsk og/eller norsk. (4) Fakultetet kan i emneskildringa vedta at heile eller delar av eit eksamenssvar må leverast på eit bestemt språk. Fråvik frå første og andre avsnitt krev fagleg grunngiving og må vere i tråd med universitetet sine språkpolitiske retningslinjer. (5) Føresegna gjeld så langt ho høver for munnlege, praktiske, utøvande og/eller skapande eksamenar.

Eksamensoppgaver skal være på undervisningsspråket, og norske oppgaver skal finnes på både bokmål og nynorsk. Svaret skal som hovedregel leveres på samme språk som oppgaven, men det kan være åpning for andre språk i emnebeskrivelsen.AI

Les hele forskriften i sammenheng →