Avbroten eksamen
(1) Eksamen er avbroten dersom den er starta, og arbeidet ikkje vert levert innanfor fristen. Det same gjeld dersom eksamenen består av fleire delar og studenten ikkje leverer, møter opp, eller liknande på éin eller fleire av dei.
(2) Fakultetet kan i eksamensreglementet og/eller eksamensoppgåva vedta at brot på formelle krav til eksamen (ordgrenser mv.) skal reknast som ikkje levert.
(3) Eksamen startar når:
a) oppgåva er utlevert eller ved førehandskontroll av hjelpemidlar for saleksamen,
b) oppgåva er tilgjengeleg for studentane ved heimeeksamen eller
c) den første oppgåva er tilgjengeleg for studentane ved mappevurdering
(4) For andre eksamensformer startar eksamen på det tidspunkt som er bestemt i emneskildringa eller i studieplanen.
En eksamen regnes som avbrutt dersom arbeidet ikke leveres innen fristen, eller dersom deler av en eksamen mangler. Fakultetet kan bestemme at brudd på formelle krav, som ordgrenser, fører til at oppgaven regnes som ikke levert.AI