Forskrift
§ 6-2. Oppbevaring på annan bustad med vidare
Våpenforskrifta·Kapittel 6. Oppbevaring, transport og sending av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
Oppbevaring på annan bustad med vidare
Løyvepliktige skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon kan oppbevarast i annan bustad enn der vedkomande er folkeregistrert når løyvehavar minst tre veker på førehand sender melding til politiet om kvar gjenstandane skal oppbevarast. Ein bustad etter første punktum kan vere hus, leilegheit, hybel og liknande som løyvehavar eig eller leiger, og som vedkomande har varig opphald i. Hytter, fritidsbustad og liknande, som ikkje brukast til varig opphald, reknast ikkje som bustad. Kravet til melding etter første punktum gjeld ikkje ved mellombels oppbevaring etter § 6-8.
Den som har løyve til å ha skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon kan overlate desse gjenstandane for oppbevaring hos andre som har løyve til å ha tilsvarande gjenstandar, når den som overlèt gjenstandane på førehand gjev politiet melding om dette. Slik melding skal sendast til politiet på fastsett skjema minst tre veker før gjenstandane skal overlatast til andre for oppbevaring.
Den som har fått overlate skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon til oppbevaring kan ikkje bruke gjenstandane utan at krava til utlån er oppfylte. Skytevåpen, våpendelar eller ammunisjon som er overlatne til oppbevaring tel med i talet gjenstandar som kan oppbevarast i medhald av dette kapitelet.
Våpen, våpendeler og ammunisjon kan oppbevares på en annen bolig enn den man er folkeregistrert på, eller hos andre med gyldig tillatelse, dersom politiet får beskjed på forhånd. Boligen må være et sted hvor man har varig opphold.AI
Sammenheng
Se også1
Koblinger for § 6-2 i våpenforskrifta.