Forskrift
§ 6-9. Krav til utferding av fråsegn ved utlån av skytevåpen og våpendelar
Våpenforskrifta·Kapittel 6. Oppbevaring, transport og sending av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon·Sist endret 1. mars 2024
Krav til utferding av fråsegn ved utlån av skytevåpen og våpendelar
Den som lånar ut løyvepliktige skytevåpen eller våpendelar til andre, skal gje mottakar ein skriftleg fråsegn om utlånet med følgjande innhald:
1) långjevar og låntakar sine namn og adresser,
2) nummer og namn på utferdande mynde på långjevar og låntakar sitt våpenløyve,
3) våpentype, kaliber, fabrikkmerke og nummer på dei skytevåpen eller våpendelar som lånast ut,
4) kva skytevåpena eller våpendelane skal brukast til, og
5) tidsrommet skytevåpena eller våpendelane er låna ut.
Fråsegna om utlån saman med løyvet til å ha den aktuelle våpentypen gjeld som våpenkort.
Krava til fråsegn etter våpenlova § 18 gjeld ikkje for utlevering av skytevåpen eller våpendelar til godkjent tilverkar, børsemakar eller våpenhandlar i samband med reparasjon, ombygging eller kommisjonssal, samt ved kortvarig overlating av skytevåpen eller våpendelar under forsvarleg tilsyn.
Den som låner ut våpen eller våpendeler som krever tillatelse, må gi mottaker en skriftlig erklæring om utlånet. Denne erklæringen fungerer som våpenkort sammen med tillatelsen. Reglene gjelder ikke ved reparasjon hos fagfolk eller ved kortvarig overlating under forsvarlig tilsyn.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved forskrift 9 feb 2024 nr. 275 (i kraft 1 mars 2024).
Se ogsåVåpenlova § 18
Sammenheng
Se også1
Endringshistorikk1
Koblinger for § 6-9 i våpenforskrifta.