Lov
Nynorsk
§ 13. Erverv av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon til samling
Våpenlova·Kapittel 4. Grunnlag for å kunne erverve og å ha skytevåpen, våpendelar og ammunisjon·Sist endret 1. juni 2021
Erverv av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon til samling
Personar som er medlemmer i godkjent våpensamlarorganisasjon, og som oppfyller krava til våpendugleik som er fastsette i medhald av femte ledd nr. 2, kan få løyve til å erverve og ha løyvepliktige skytevåpen, våpendelar og ammunisjon etter §§ 5, 6 og 7 til samling. Eit løyve som nemnt i første punktum skal vere sakleg avgrensa til eitt eller fleire våpenhistorisk grunngjevne samleområde.
Politiet kan berre gje løyve til å erverve og ha skytevåpen som er nemnde i § 5 andre ledd, eller som er forbodne i medhald av § 5 tredje ledd, og våpendelar som er forbodne i medhald av § 6 tredje ledd, når skytevåpenet eller våpendelen enten er særskild sjeldan, eller når gjenstanden dokumenterer forhold av særskild historisk betyding.
Politiet kan i samsvar med forskrift fastsett i medhald av femte ledd nr. 4 gje løyve til å erverve og ha ammunisjon som nemnt i § 7 tredje ledd eller i medhald av § 41 nr. 6.
Den som har erverva løyvepliktige gjenstandar som nemnde i §§ 5, 6 eller 7 etter reglane i denne paragrafen, kan ikkje bruke gjenstandane til andre føremål enn samling.
Kongen gjev forskrift om:
1) vilkår for å rekne samleområde som våpenhistorisk grunngjeve,
2) krav til våpendugleik for erverv til samling,
3) talet på løyvepliktige skytevåpen eller våpendelar etter §§ 5 og 6 som kan ervervast til samling,
4) erverv av løyvepliktig ammunisjon til samling, medrekna ammunisjon som nemnt i § 7 tredje ledd,
5) test- og demonstrasjonsskyting med løyvepliktige skytevåpen som er erverva til samling.
Medlemmer i godkjente samlerorganisasjoner som oppfyller krav til våpenduglighet, kan få tillatelse til å kjøpe og eie skytevåpen, våpendeler og ammunisjon til en samling. Tillatelsen må være begrenset til historisk begrunnede samleområder, og gjenstandene kan ikke brukes til andre formål enn samling.AI
Noter (1)
- EndringEndra ved lov 7 mai 2021 nr. 33 (ikr. 1 juni 2021 iflg. res. 7 mai 2021 nr. 1415).
Se ogsåVåpenlova § 5Våpenlova § 6Våpenlova § 7Våpenlova § 41 første leddomtalt i 1 kilde →referert av 9 →
Sammenheng
Utfyllende forskrifter2
Referert av9
- Våpenlova § 5Løyve med vidare for skytevåpen
- Våpenlova § 6Løyve med vidare for våpendelar
- Våpenlova § 7Løyve med vidare for ammunisjon
- Våpenforskrifta § 4-11Talet på løyvepliktige skytevåpen og våpendelar som kan ervervast til samling
- Våpenforskrifta § 4-12Særreglar for einskilde våpentypar
- Våpenforskrifta § 9-16Krav til merking av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon
- Våpenforskrifta § 14-1 første leddOvergangsreglar
- Våpenlova § 14Erverv av skytevåpen, våpendelar og ammunisjon til andre føremål
- Våpenlova § 41 første leddForskrifter
Nevnt i1
Koblinger for § 13 i våpenlova.